søndag 1. mai 2011
Vinner av konkurranse
Avskjed med Tromsø
Statusrapport: Kvålen
"Militærmorgonkustus-Bård" og "morgonfriske Magne" kvelva tidleg ut or senga idag, faktisk kring då hanen gjel. Dette for å få seg ein tur før 6-årsdag for onkelungen til Bård, Johannes, og den tidlege flymaskinreturen for Magne.
Me har vore i kontakt med ekspedisjonskarane via satelittelefon. Dei kan berette at dei om ein halvtime er framme ved ekspedisjonens mål: Kvålen. Forholda er etter sigande noko dårlegare enn dagane før, med gjennomslagskare og dermed spanande nedkøyringsføre. Men sola gløttar fram idag, så turfylgjet er ved godt mot!
Biletet er eit illustrasjonsfoto frå gårsdagens nedkøyring.
Søndag og stippetur!
Øyvind og Eivind har snudd seg sine vender i senga, ete seg sin søndagsfrukost og møtt sitt gode turfylgje på prestegardstrappa. No ber det til fjells på Kvaløya, nærare bestemt Durmålstinden, om ikkje forholda tilseier noko anna ved parkeringa om nokre straksar.
Magnus held fortet grunna luftsmerter i magen, m.m. Han planlegg difor ei serie med blogginnlegg om bolighus i nabolaget til systra til Bård, vårt eminente vertskap.
TNK ynskjer også deg ein framifrå 1.mai-søndag, i kyrkja, konfirmasjon eller på fjellet!
PTA for fyrstereiseguten!
Det var ingenting å sei på nedkøyringskvalitetten idag. Perfekt styresnø a la pudder ned ei grom side, også ijent som PTA - pudder til ankelen.
På biletet ser du fyrstereiseguten Magne boltre seg i godsorten. Herleg!
lørdag 30. april 2011
Middagstipset!
Konkurranse
Ready for takeoff
fredag 29. april 2011
P-p-p peppes!
Aunegaardens trøffelkake i Lyngen - Mmmm!
Valgets kval... Eller laks...
torsdag 28. april 2011
Lyngen Live
Vi er så heldige å få kunne bu hjå Bård si gamletante, Johanne, og vi befinn oss no akkurat her:
Midt i smørauget (les: Lyngsalpane) med andre ord!
Etter rådslaginga bestemte vi oss for at vi imorgon satsar på å nå Den Himmelske Fredsplass (stilig namn, ikkje sant?) og så gå vidare på ein av toppane der.
Gutane fordjupar seg i kart og litteratur om området.
Etter eit slag kort (der Bård laga reglane, og difor vann) har dei fleste tatt til køya.
Katten i huset er forresten begeistra over babystolen som tilhøyrer bornebornet til Johanne;
Med det seier vi god natt herifrå.
onsdag 27. april 2011
Bokja hass Espen
Espen Nordahl tog med seg godt turfylgje og drog til fjells. Det aktar me og å gjere! TNK dreg nord! Lat oss vralte og galte oss i nordleg nypressa pudder, lat oss hyggja og akta oss saman. Lat oss takke for herleg himmlsk dryss. Duken er på. Lyngen er på menyen. Kolon:































